Mont Blanc-massivet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Mont Blanc-massivet (italiensk Massiccio del Monte Bianco; fransk Massif du Mont-Blanc) er ei fjellkjede i dei vestlege delane av Alpane. Ho er kalla opp etter Mont Blanc, som med 4 808 moh er den høgaste fjelltoppen i Alpane. Fjellkjeda ligg i Frankrike (Haute-Savoie og Savoie), Italia (Aostadalen), og Sveits (vestlege Valais). Mont Blanc-massivet vert stundom rekna som både ein del av Wallis-Alpane og Dei graiiske Alpane.
Mont Blanc-massivet | |||
Fjellkjede | |||
Aiguille d'Argentière frå Saleina | |||
Land | Frankrike, Italia Sveits | ||
---|---|---|---|
Del av | External massif | ||
Høgaste punkt | Mont Blanc | ||
- høgd | 4 810,45 moh. | ||
- koordinatar | 45°50′01″N 06°51′54″E | ||
Mont Blanc-massivet 45.833333333333°N 6.85°E / 45.833333333333; 6.85 | |||
Wikimedia Commons: Massif du Mont-Blanc | |||
Col Ferret ligg mellom fjellkjeda og Wallis-Alpane og det Vesle St. Bernhard-passet skil ho frå Dei graiiske Alpane. På andre sida av Arvedalen ligg Aiguilles Rouges og Préalpes.
På den franske sida av Mont Blanc-massivet renn vatnet ut i elvane Arve og Isère. På den italienske sida er det elva Dora Baltea som tømmer fjellkjeda for vatn, medan vatnet på den sveitsiske sida renn ut i sideelvar til Rhône.