Målform
From Wikipedia, the free encyclopedia
Målform eller standardspråk er ei form av eit språk som passar inn under ein språknormal, det vil seia eit sett fastsette reglar for ei språk. Ei målform kan vera ei offisiell språkform som er normert av eit språkråd, ei form som byggjer på ein standard dialekt eller ei språkform som blir rekna som vanleg i offentleg diskurs. Omgrepet kan omfatta både normert talemål og skriftspråk, som i mange høve vil likna kvarandre.
Standardspråk har gjerne felles anerkjend grammatikk, ortografi og uttale (ofte med ulike variantar). Dei kan ha status som offisielt språk og bli brukt i offentlege samanhengar som skule, lovar og rettssystem, ha ein litterær kanon og bli normerte av institusjonar, som språkråd, universitet eller utgjevarar. Dei har gjerne utbreidd bruk og aksept innan samfunnet dei er standardspråk i.