Måsefamilien
fuglefamilie / From Wikipedia, the free encyclopedia
Måsefamilien, Laridae, er ein biologisk familie av måsar, terner og saksenebbar som tilhører ordenen vade-, måse- og alkefuglar. Artane i familien førekjem over heile verda, men i liten grad ved Antarktis. Mange artar i familien er kystfuglar, men nokre artar lever i innlandet, i elvar, innsjøar og på våtmarker, men somme er òg periodevis knytt til menneske. Dei to måsane i slekta Rissa, krykkje og raudfotkrykkje, samt sabinemåse kan treffast på opent hav.
Måsefamilien | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Underorden: | Lari |
Familie: | Måsefamilien Laridae Vigors, 1825 |
Underfamiliar | |
Anoinae Gyginae Larinae Rynchopinae Sterninae |
Artane i denne familien har symjehud på føtene og nebbet manglar cere, vokshud på overnebbet. Nasebora er på eller over midten av nebbet. Horndekket på nebbet er ikkje delt slik som hos stormfuglar. I absolutt eit fleirtal av artane er kjønna like. Fjørdrakta hos dei fleste artene av terner og måsar er vanlegvis hovudsakleg kvit og grå med innslag av svart, men somme har mørke fjørdrakter. Sommardrakter vil ofte avvike frå vinterdrakta. Ungfuglar har varierande grad av spraglete brun og grå fjørdrakt.