Næringskjede
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ei næringskjede er ei skjematisk framstilling av ruta energien og dei ulike næringsstoffa går i eit økosystem. Ho tek som regel til mellom fotosyntetiserande organismar som plantar, som samlar opp store mengder organisk karbon og ymse næringsstoff i vevet sitt. Vidare går ho gjennom planteetarar, som igjen vert etne av kjøt-etarar. Daudt materiale vert brote ned til uorganisk karbon og næringsstoff att av detrivorar eller nedbrytarar.
Fleire næringskjeder kan setjast saman til næringsnett. Desse viser fleire ulike måtar energien kan gå i eitt og same økosystem, og er meir generelle enn næringskjeder.
Biomassen i eit system er så godt som alltid størst nedst i næringskjeda. Teiknar me biomasse inn i næringskjedene våre, får me ein pyramideforma figur som speglar kjensgjerninga at om lag 90 % av energien går tapt i form av varme og metabolisme mellom dei ulike ledda i han.