Namnet Jesus
mannsnamn / From Wikipedia, the free encyclopedia
Jesus er eit latinsk mannsnamn danna av gresk Iesoûs (Ιησους), som igjen kjem frå det arameiske namnet Jēšūaʿ (ישׁוע) eller hebraiske Jəhōšūa‘ (יְהוֹשֻׁעַ) eller Jōšūa‘ (יֹשׁוּעַ) ‘Gud bergar meg’.
Namnet er særleg kjend gjennom Jesus frå Nasaret, men stammar frå eit vanleg jødisk namn. Etter utbreiinga av kristendommen er det blitt eit vanleg namn i nokre kristne kulturar, men omfatta av namnetabu i andre. I Noreg har det lenge vore ulovleg å gje Jesus som førenamn, medan det derimot har vore vanleg i mange katolske land. Derimot har det hebraiske namnet Jəhōšūa‘/Jōšūa‘ med same opphav vore ein del brukt i forma Joshua på engelsk og Josva på norsk. Tilnamnet «Kristus» kjem frå gresk Khristos og tyder 'den salva'.