Niels Stensen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Niels Stensen (eller Steensen), også kalla Nicolas Steno (1. januarjul./ 11. januar 1638greg.– 25. novemberjul./ 5. desember 1686greg.) var ein dansk vitskapsmann, ein pioner innanfor både anatomi og geologi.
Kjappe fakta
Niels Stensen | |
Statsborgarskap | Danmark |
Fødd | 11. januar 1638 København |
Død |
5. desember 1686 (48 år) |
Yrke | anatom, paleontolog, lege, geolog, katolsk prest, krystallograf, katolsk biskop |
Språk | latin, dansk, tysk, gamalgresk, nederlandsk, hebraisk, arabisk, fransk, italiensk, engelsk |
Medlem av | Accademia della Crusca |
Religion | Den romersk-katolske kyrkja |
Niels Stensen på Commons |
Lukk
Etter å ha avslutta universitetsutdanninga i fødebyen København, der han las medisin frå 1656 til 1659, reiste han ut i Europa. I Nederland, Frankrike og Italia kom han i kontakt med prominente forskarar, og takk vere hans gode observasjonsevne oppdaga han fort viktige samanhengar. På ei tid då forsking i faget naturvitskap gjekk ut på å studere dei gamle antikke autoritetane, hadde Stensen mot til å stole på sine eigne augo, sjølv når det han observerte skilde seg frå fastlagde tradisjonelle doktrinar.