Niese
From Wikipedia, the free encyclopedia
Niese er ei slektskapsnemning bruka om ei bror- eller systerdotter.
Som «nevø» er ordet «niese» kome til norsk gjennom fransk (nièce) frå latin, frå ordet neptis, som tydde 'sonedotter, dotterdotter'. Ei anna nemning for jenter og gutar nokon er onkel eller tante til er onkel- eller tantebarn. Desse nemningane kan opplevast som mindre formelle enn «niese» og «nevø».