Nordlandsbåt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Nordlandsbåt viser til båtar som er opne og av ulik storleik bygd i Nordland eller Troms. Ein nordlandsbåt av ny type (etter byrjinga av 1800-talet) har rette og høge stamnar som står nesten vinkelrett på kjølen og langt, lett, slankt skrog. Nordlandsbåtane er klinkbygde og har både årer og råsegl[1][2].
Fembøringen er den største nordlandsbåttypen med fem årepar. Ein åttring var opphavleg ein båt med åtte årer. Åttringen vart etter kvart bygd endå større og kunne ha ti årer, men namnet endra seg ikkje anna enn at denne typen vart kalla storåttring. «Seksring» eller trirøing hadde begge seks årer. Færingen var minst og hadde oftast fire årer. Færingen kan òg bli kalla «kjeks» — eit ord som nokre vil setje i samanheng med engelsk ketch, men som truleg heller heng saman med ordet kokse.
Salten, Bindal og Rana var hovudsentera for trebåtbygging i Nordland. I Salten vart båtane gjerne bygd i furu, medan gran vart mest brukt i Bindal og Rana.
Mot slutten av 1800-talet vart andre båttypar, mellom anna med dekk, tatt i bruk i fiskeria, og dei tradisjonelle nordlandsbåtane vart nesten heilt borte. Dei nye typane var ofte finneidbåtar og listerbåtar