Oktanten
From Wikipedia, the free encyclopedia
Oktanten (frå latin Octans) er eit stjernebilde rundt sørpolen på himmelkvelvinga. Stjernebildet er oppkalla etter måleinstrumentet oktant. Stjernebiletet vart konstruert av Nicolas Louis de Lacaille på 1700-talet.
Meir informasjon Latinsk namn, Forkorting ...
Oktanten | |
---|---|
Latinsk namn | Octans |
Forkorting | Oct |
Genitivsform | Octantis |
Symbologi | Namngitt av la Caille |
Rektasensjon | 22 h |
Deklinasjon | −90° |
Areal | 291 kvadratgrader nr. 50 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
0 |
Sterkaste stjerne | Ny Octans (ν Oct) ((variabel) 3,74. mag.) |
Meteorsvermar |
|
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +0° og −90° | |
Sirkumpolar |
Close
Oktanten er kjend for at den sørlege himmelpolen ligg her. I motsetnad til nordpolen, har ikkje det sørlege polpunktet ei lyssterk stjerne. Sigma Octantis (σ Oct) er den stjerna ein kan sjå med det nakne auga som ligg nærast polen, og ho ligg særs nær, men er så lyssvak (5,45) at ho ikkje kan nyttast innan navigasjon. I staden har navigatørar nytta stjernebiletet Sørkrossen, som peikar mot polen.
Stjernebiletet er berre synleg på den sørlege halvkula.