Olga Rozanova
From Wikipedia, the free encyclopedia
Olga Vladimirovna Rozanova (21. juni 1886–7. november 1918) var ein russisk kunstmålar. Ho var ein avantgarde-kunstnar som knytte seg til fleire stilretningar i samtidskunsten, så som suprematisme, ny-primitivisme og kubo-futurisme.
Kjappe fakta
Olga Rozanova | |
Sjølvportett, 1911 | |
Verkeleg namn | Ольга Владимировна Розанова |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken |
Fødd | 21. juni 1886, 22. juni 1886 Melenki |
Død |
7. november 1918 (32 år) |
Yrke | lyrikar, illustratør, teiknar, kunstmålar, collagist, skribent, biletkunstnar, kunstnar, tekstilkunstnar |
Språk | russisk |
Medlem av | Supremus, Soyuz Molodyozhi |
Olga Rozanova på Commons |
Close
Rozanova var fødd i Melenki, ein småby nær storbyen Vladimir. I 1904 tok ho til med ei mangeårig læretid ved kunstskulen driven av K. Bolsjakov og Konstantin Juon i Moskva. Samstundes studerte ho ved Stroganovs Skule for anvendt kunst.
Frå 1911 var Rozanova ein av dei mest aktive medlemene av Ungdomsforbundet (Sojuz Molodjozjij). Året etter innleia ho vennskap med futurist-poetane Velimir Khlebnikov og Aleksej Krutsjonykh, den siste hennar framtidige ektemann.