Passasjeinstrument
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit passasjeinstrument er ein kikkert med horisontal omdreiingsakse. Svingeplanet for den optiske aksen til kikkerten er ofte meridianen. Instrumentet vert nytta til observasjon av stjernepassasjer, som vert nytta til rektascensjons- og tidsavgjersler. Det første instrumentet vart konstruert av Ole Rømer. Moderne passasjeinstrument er automatiserte og knytt til datamaskinar.