Pat Metheny
amerikansk låtskrivar, komponist og gitarist / From Wikipedia, the free encyclopedia
Patrick Bruce Metheny (fødd 12. august 1954) er ein kjend jazzgitarist som mellom anna speler i Pat Metheny Group.
Pat Metheny | |||
| |||
Fødd | 12. august 1954 (69 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Lee's Summit | ||
Fødenamn | Patrick Bruce Metheny | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1974– | ||
Sjanger | jazz, hard bop, postbop, latino-pop, jazz-fusion, verdsmusikk | ||
Instrument | gitar, akustisk gitar, elektrisk gitar, Pikasso-gitar, synthesizer, trommesett, gitarsynthesizer | ||
Plateselskap | Edition of Contemporary Music | ||
Verka som | gitarist, jazzgitarist, låtskrivar, komponist, jazzmusikar, musikar, musikkpedagog | ||
Prisar | Paul Acket Award, NEA Jazz Masters, Kansas Music Hall of Fame |
Pat Metheny er fødd i Lee’s Summit i Missouri i USA og voks opp i ein svært musikalsk familie. Som åtteåring byrja han å spele trompet, men skifta til gitar fire år seinare. Allereie som 15-åring spelte han med dei beste jazzmusikarane i Kansas City. Det store gjennombrotet kom i 1974 gjennom eit tre års samarbeid med den amerikanske vibrafon-legenda Gary Burton.
Gjennom samarbeidet med Burton voks den markante og særeigne spelestilen fram. Metheny har ein svært livskapande artikulasjon på gitaren kombinert med avansert rytmikk og harmonisering.
Metheny har samarbeidd med ei rekke kjende namn som Chick Corea, Michael Brecker, Ornette Coleman, Herbie Hancock, Jim Hall, Milton Nascimento og David Bowie.