Paul Valéry
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ambroise Paul Toussaint Jules Valéry (30. oktober 1871–20. juli 1945) var ein fransk poet, essayist, filosof og litteraturkritikar. Han var fødd i Sète (Cette) i sør i Frankrike, men veks opp i byen Montpellier ikkje langt unna. Far hans, tollinspektør Barthélemy Valéry, var frå Korsika, og mora hans, Fanny Grassi, var frå Genova i Italia, dotter av den italienske konsulen Giulio Grassi. Paul Valéry døde i Paris, der han hadde budd mesteparten av sitt vaksne liv.
Paul Valéry | |
Pseudonym | Doris |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 30. oktober 1871 Sète |
Død |
20. juli 1945 (73 år) |
Yrke | filosof, lyrikar, journalist, skribent, essayist, professor, litteraturkritikar, universitetslærar |
Medlem av | Académie française, Det ungarske vitskapsakademiet, PEN Club français, Union française pour le sauvetage de l'enfance |
Ektefelle | Jeannie Valéry |
Born | Agathe Rouart-Valéry |
Paul Valéry på Commons |
Paul Valéry byrja si opplæring i 1876 hjå dominikanarane i Sète, og vart i 1878 elev på collège de Sète og frå 1884 til 1888 på gymnaset lycée de Montpellier. I 1889 tok han til med sitt studium i juss, og fekk same året publisert sine fyrste dikt i Revue maritime de Marseille. Hans lyrikk frå denne tida høyrer inn under den kategorien som vart kalla symbolisme. I 1890 vart han kjend med den belgisk fødde franske diktaren Pierre Louÿs (1870-1925), som presenterte han for diktaren André Gide, og introduserte han i den avgrensa krinsen som diktaren Stéphane Mallarmé samla ikring seg. Dette skulle verte avgjerande for livet og diktinga til Paul Valéry, som vart trufast andsynes Mallarmé (1842-1898) heile sitt liv. I denne tida publiserte han sine fyrste tekster i det franske litterære tidsskriftet L'Ermitage.