Petter Northug
From Wikipedia, the free encyclopedia
Petter Northug jr. (fødd 6. januar 1986) er ein norsk langrennsløpar. Han vert trena av Thomas Alsgaard og går for skiklubben i Strindheim Idrettslag. Skimerket han nyttar er Fischer. Northug fekk det internasjonale gjennombrotet sitt i 2006 og har etter det utvikla seg til å verte ein av dei fremste mannlege langrennsløparane i verda. Den største meisterskapen hans til no er Ski-VM 2009, der han vann to individuelle gull og eitt stafettgull.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Petter Northug | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. januar 1986 (38 år) Mosvik kommune |
Idrett | langrenn |
Tok del i |
Vinter-OL 2014, Langrenn under Vinter-OL 2010 – 50 kilometer klassisk menn, Langrenn under Vinter-OL 2010 – 4 x 10 kilometer stafett menn, Langrenn under Vinter-OL 2010 – Sprint menn, Langrenn under Vinter-OL 2010 – Lagsprint menn, Ski-VM 2007, Ski-VM 2009, Ski-VM 2011, Ski-VM 2013, Ski-VM 2015, Ski-VM 2017 |
Utmerkingar |
Aftenpostens Gullmedalje, Olavstatuetten, Sportsjournalistenes statuett |
Petter Northug er kjend som ein av dei beste spurtarane i verda, og ved fleire høve har han demonstrert eit taktomslag og eit rykk som få skiløparar i verda greier å følgje han på. Spesialiteten hans må seiast å vere fellesstartar i fri teknikk. Han har til saman vunne fire VM-gull, der to av dei er individuelle. I tillegg står han med tre enkeltsigrar i verdscupen, per mars 2009.