Pieter Claesz
From Wikipedia, the free encyclopedia
Pieter Claesz (1597–1660) var ein nederlandsk kunstmålar, ein av dei fremste representantane for måling av stilleben under barokken.
Pieter Claesz var fødd rundt 1596/1597 og kom frå Berchem, nær Antwerpen. Truleg fullførte han læretida si i Antwerpen, stilistiske samanfall i dei tidlege verka hans tyder på nær kontakt med målarane Clara Peeters og Osias Beert. Sannsynlegvis kjende han òg til stillebenmålarane Nicolaes Gillis og Floris van Dyck i Haarlem.
Hans nyskapande biletkomposisjonar gjorde han til ein av dei mest innovative stillebenmålarane, slik at Samuel Ampzing i 1628 nemnde Claesz i eit dikt der han prisa byen Haarlem. Det var fyrst i 1628 Pieter Claesz fekk alvorleg konkurranse i Haarlem, då ved Willem Claesz. Heda. Frå å vere ein målar som nytta ein monokrom palett i grått, brunt og grønt, utvikla han seg då til å lage praktfulle stilleben i mykje sterkare fargar.
I 1634 er Pieter Claesz medlem av målarlauget Sint-Lucasgildet i Haarlem, i byen der han døydde i slutten av året 1660 og vart gravfesta 1. januar 1661.
- Stilleben, (1627)
- Fåfengd, 1630
- Stilleben med eit glass øl og røykt sild på ein asjett, 1636