Pommerske voivodskap
voivodskap i Polen / From Wikipedia, the free encyclopedia
Pommerske voivodskap (polsk Województwo pomorskie eller berre Pomorskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg nord i Polen i den austlege delen av den historiske regionen Pommern (polsk Pomorze). Hovudstaden er Gdańsk.
Pommerske | |||
voivodskap | |||
|
|||
Land | Polen | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Gdańsk | ||
Areal | 18 293,0 km² | ||
Folketal | 2 300 000 (2019) | ||
Pommerske voivodskap 54.183333333333°N 18°E / 54.183333333333; 18 | |||
Kart over fylka i voivodskapet.
| |||
Wikimedia Commons: Pomeranian Voivodeship | |||
Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Gdańsk, Elbląg og Słupsk. Det grensar til Vestpommerske voivodskap i vest, Storpolske og Kujaviskpommerske voivodskap i sør, Ermelandskmasuriske voivodskap i aust og Austersjøen i nord. Det har òg ei smal grense mot Russland på Wisłahalvøya.
Gdańsk, er regionshovudstaden og dannar ein del av Trippelbyen i lag med Sopot og Gdynia. I voivodskapet ligg den smale Helhalvøya og den polske halvdelen av Wisłahalvøya. Andre turistdestinasjonar er Sopot, Jurata, Łeba, Władysławowo, Puck, Krynica Morska, Ustka, Jastarnia, Rozewie, Kuźnica og mange fiskehamnar og fyr.