Porsgrunds Porselænsfabrik
From Wikipedia, the free encyclopedia
Porsgrunds Porselænsfabrik er ein norsk porselensfabrikk som vart grunnlagt i Porsgrunn i 1885. Grunnleggjaren var skipsreiar Johan Jeremiassen, medan tyske Carl Maria Bauer leidde oppbygginga av fabrikken. «PP», som fabrikken òg vert kalla, er den største turistattraksjonen i Porsgrunn. Fabrikken ligg heilt nede ved elva, ved det venstre bruhovudet til Porsgrunnsbrua, i innløpet til Telemarksvassdraget. I fabrikklokala finst det både utsal og museum.
Kjappe fakta Org.form, Org.nr. ...
Porsgrunds Porselænsfabrik | |||
Porsgrunds Porselænsfabrik | |||
Org.form | Aksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 915 232 523 | ||
Skipa | 11. mai 1885 | ||
Morselskap | 3 Norske AS | ||
Hovudkontor | Porsgrunn | ||
Land | Noreg | ||
Produkt | porselen, feltspatporselen | ||
Styreleiar | Atle Brynestad | ||
Adm.dir. | Stine Gjørtz | ||
Nettstad | porsgrund.com |
Close