Regionar på New Zealand
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein region er det øvste nivået av lokalstyrte område på New Zealand. Landet har 16 regionar. Tolv av desse er styrte av eit valt regionstyre (regional council), medan fire er styrte av territorialstyre (territorial authorities) (det nest høgaste nivået av lokalstyre) som også utøver funksjonane til eit regionstyre, og som derfor på New Zealand vert kalla unitary authority (eller einskapleg forvalting), og desse områda er dermed territoriale regionar. Det styrande organet på øygruppa Chatham Islands (Chatham Islands Council) er sett på av mange som ei einskapleg forvalting, men øyene er formelt rekna som ein del av regionen Canterbury. Regiongrensene følgjer for ein stor del distriktsgrensene, men det er fleire unntak: Den sørlege grensa til regionen Auckland går til dømes midt gjennom Franklin District.