Republikken Genova
From Wikipedia, the free encyclopedia
Republikken Genova var ein sjølvstendig stat i Liguria på nordvestkysten av Italia frå 1000-talet til 1797, då han vart invadert av revolusjonshæren til Det første franske keisardømet under Napoleon. Han vart etterfølgd av Den liguriske republikken, som eksisterte til 1805 før han vart annektert av Frankrike. Sjølv om republikken vart erklært gjenoppretta i 1814, etter Napoleon sitt fall, var dette berre kortvarig og han vart til slutt annektert av Kongedømet Sardinia.