Restaureringa av Nidarosdomen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Restaureringa av Nidarosdomen var eit vel hundreårig arbeid med å omforma den nedslitne Nidarosdomen til den noverande forma si. Ved midten av 1800-talet var Nidarosdomen redusert til eit halvt ruinert byggverk som hadde mist mykje av det opphavlege preget sitt etter fleire brannar, ulukker, provisoriske reparasjonar og manglande vedlikehald. Restaureringsarbeidet er det største som nokon gong er gjort i Noreg, og vala som vart tekne under restaureringa, pregar i høgaste grad bygningen slik han står fram i dag. Dette kjem særleg av at det er svært avgrensa kjelder til den opphavlege utsjånaden til kyrkja, noko som kravde ein stor grad av rekonstruksjon og gjenoppbygging på friare kunstnarisk grunnlag.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |