Riksetrast
art av sporvefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Riksetrast (Eupetes macrocerus) er ein merkeleg, riksefuglliknande sporvefugl, brun med svarte og kvite striper på hovudet, og med habitat på skogbotnen i urskog på Malayahalvøya og Sumatra, og dessutan på Borneo. Arten kan vere fjernt i slekt med dei afrikanske kråkeliknande fuglane klippehopparar. Populasjonen er sterkt redusert fordi mykje av låglandsurskogen er tapt, og sekundære skogar har vanlegvis for tett botnvegetasjon eller ikkje tilbyr nok skugge til å vere gunstig for arten. Men han er framleis lokalt vanleg i område med nedhogd skog eller i skogen i bakkeskråningar, og er ikkje rekna som direkte truga for utrydding. Arten er dårleg kjent og sjeldan sett, mest grunna den skjerre åtferda deira.
Riksetrast | |
Riksetrast | |
Status | |
Status i verda: Nær truga | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Infraorden: | Corvidae Corvida |
Overfamilie: | Corvoidea |
Familie: | Eupetidae |
Slekt: | Eupetes |
Art: | Riksetrast E. macrocerus |
Vitskapleg namn | |
Eupetes macrocerus |