Ruhr
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ruhr er ei elv i Ruhrområdet i Nordrhein-Westfalen, vest i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå høgre med ei lengd på 217 km. Det nærliggande industriområdet er kalla opp etter elva.
Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...
Ruhr | |||
elv | |||
Ruhr i Essen-Kettwig | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 4 485 km² | ||
Lengd | 217 km | ||
Middelvassføring | 79 m³/s | ||
Kjelde | Sauerland | ||
- høgd | 674 moh. | ||
Munning | Rhinen | ||
Ruhr 51.213611111111°N 8.5583333333333°E / 51.213611111111; 8.5583333333333 | |||
Wikimedia Commons: Ruhr | |||
Lukk
Ruhr har utspring i ei høgd på 674 meter over havet nær byen Winterberg i fjellområdet Sauerland, og munnar ut i Rhinen i ei høgd på berre 19 meter nær Duisburg. Ved Mülheim, nær munningen, har elva ei middelvassføring på 79 m³/s.
Elva vert nytta til drikkevatn og har god vasskvalitet, noko som er ironisk sidan ordet «ruhr» på tysk tyder dysenteri. Elvebreidda vert stort sett nytta til fritidsaktivitetar.