Séraphine Louis
From Wikipedia, the free encyclopedia
Séraphine Louis (3. september 1864–11. desember 1942), som òg er kjend som Séraphine de Senlis ('Séraphine frå Senlis'), var ein fransk kunstmålar som vart fødd i Arsy i Oise og døydde i Villers-sous-Erquery i Erquery i Oise. Ho måla i ein naivistisk stil, det vil seie ein stil som i og for seg er naturalistisk, men som ikkje tek omsyn til dei godtekne kunstnariske reglane om korleis form, dimensjonar, perspektiv, farge og andre eigenskapar ved motivet skal framstillast i eit naturalistisk målarstykke.
Séraphine Louis | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 3. september 1864 Arsy |
Død |
11. desember 1942 (78 år) |
Yrke | kunstmålar |
Far | Antoine Frédéric Louis |
Mor | Adeline Victorine Julie Maillard |
Séraphine Louis på Commons |
Séraphine Louis var sjølvlært, såkalla autodidakt, og religiøs som ho var, let ho seg inspirere av dei kyrkjelege religiøse motiva til å framstille dekorative bilete som syner frukt, blomar, urter, lauv. Medan ho måla, song ho gjerne religiøse songar. Ofte var biletet komponert slik at den nedre fjerdeparten av biletet, der urter og blad var framstilt, framstod som ein slags nedre og mørkare verd enn resten av biletet, og såleis så å seie representerte ei underverd der alt det andre var rotfesta.
Ho laga sjølv pigmenta og fargane ho nytta seg av, vanlegvis blanda med Riepolin, ei målarolje som tørkar snøgt, og har aldri sagt korleis ho gjekk fram for å få til den matte, nærast voksaktige verknaden i fargane. Fyrst på eit seinare stadium, då ho hadde fått betre økonomi, nytta ho ferniss på bileta. Men fargane held seg godt og har ikkje ført til problem med omsyn til seinare konservering. Større samlingar av hennar verk er å sjå i fleire musé i Frankrike, på Musée Maillol i Paris, Musées d'art de Senlis i Senlis, Musée international d'art naïf Anatole Jakovsky i Nice, Lille Métropole Musée d'art moderne, d'art contemporain et d'art brut (LaM) i Villeneuve-d'Ascq, og på Centre Pompidou-Metz i Metz.