Sønderjylland
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sønderjylland er den delen av Jylland som ligg lengst mot sør. Området ligg på båe sider av grensa mellom Danmark og Tyskland. I Danmark er det sørlegaste amtet Sønderjyllands Amt, som grensar mot Schleswig-Holstein (dansk: Slesvig-Holsten) i Tyskland. Slik er amtet den einaste delen av Danmark som har direkte grense mot eit anna land. I nyare tid har Sønderjylland vorte nytta om den sørlegaste delen av Danmark. Den tyske nemninga på området er Schleswig (dansk: Slesvig). Schleswig kan igjen delast opp i Nordschleswig (Nordslesvig) nordom grensa og Südschleswig (Sydslesvig) sørom grensa. Sønderjylland vart i tida 1864 til 1920 styrt av Tyskland. Særleg i den tida var det å syngja songar om Sønderjylland eit teikn på dansk patriotisme, og eit ynske om at området ei gong skulle verta ein del av Danmark att.
Ein person frå Sønderjylland vert kalla sønderjyde. Målføret vert kalla sønderjysk (synnejysk).