Saarbrücken
From Wikipedia, the free encyclopedia
Saarbrücken er ein by i Tyskland og hovudstad i delstaten Saarland med om lag 180 000 innbyggjarar. Byen ligg i hjarte av eit storbyområde med 1,1 millionar menneske.
Saarbrücken | |
---|---|
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Saarland Ingen Kreisfri by |
Geografi | |
Flatevidd - By |
167,07 km² |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
180 515 1 080/km² |
Koordinatar | 49°14′0″N 7°00′0″E |
Høgd over havet | 230 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 66001-66133 |
Telefon-retningsnummer | 0681, 06893, 06897, 06898, 06805 |
Bilnummer | SB |
Heimeside: www.saarbruecken.de |
Saarbrücken var tidlegare eit industri- og transportsenter for kol, og fabrikkar her produserte jern og stål, sukker, øl, keramikk, optiske instrument, maskinar og byggematerialar. Dei siste tiåra har derimot industrien i Saarland vore i nedgang.
Historiske landemerker i byen er mellom anna ein steinbru over elva Saar (1546), den gotiske kyrkja St Arnual, Saarbrücker Schloss frå 1700-talet og delar av gamlebyen St. Johanner Markt. I 1815 kom Saarbrücken inn under Preussen og i to periodar på 1900-talet (1919-1935 og 1945-1957) var Saarland under fransk styre. Av den årsak og sidan han ligg nær den franske grensa, har område vorte påverka av Frankrike.
I moderne tysk kan namnet Saarbrücken sjå ut til å tyde Saar sine bruer (Brücken er tysk for bruer), men namnet oppstod minst 500 år før den første brua vart laga her. Det historiske namnet på byen er eigentleg Sarabrucca, som kjem av det gamalhøgtyske ordet Brucca, som vart Brocken på høgtysk (steinar eller rullesteinar).