Samuel Beckett
Irsk Forfatter / From Wikipedia, the free encyclopedia
Samuel Beckett (13. april 1906–22. desember 1989) var ein irsk forfattar, fødd i Dublin. Han debuterte som lyrikar på engelsk, men skreiv for det meste verka sine på fransk. På 1950-talet var han ein leiande representant for absurd teater. I dei absurde skodespela Mens vi venter på Godot (1952) og Sluttspill (1957) blir det skildra ei uendeleg, fåfengd venting på forandring, med absurd dialog og minimal handling. Romantrilogien Molloy (1951), Malone dør (1951) og Den unevnelige består av dei endelause monologane til ei røyst som formulerer Beckett sitt pessimistiske grunnsyn om menneskets ubotelege einsemd. Beckett vann Nobelprisen i litteratur i 1969, men henta han ikkje.
Kjappe fakta
Samuel Beckett | |
Statsborgarskap | Irland, Frankrike |
Fødd | 13. april 1906 Dublin, Foxrock |
Død |
22. desember 1989 (83 år) |
Yrke | skribent, lingvist, filmregissør, manusforfattar, cricketspiller, lyrikar, romanforfattar, skodespelforfattar, omsetjar, lærar, intellektuell, fransk motstandskjemper, videokunstner |
Språk | fransk, engelsk |
Medlem av | American Academy of Arts and Sciences |
Ektefelle | Suzanne Dechevaux-Dumesnil |
Samuel Beckett på Commons |
Lukk