Sandefjord
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sandefjord er ein by og administrasjonssenteret i Sandefjord kommune i Vestfold med 46 453 innbyggjarar per 1. januar 2023. Bysenteret ligg inst i Sandefjordsfjorden og byen strekker seg sørover på begge sider av fjorden. Over ni tidelar av folkemengda i kommunen bur i byen. Noko av busetnaden her kryssar kommunegrensa til Larvik kommune.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Sandefjord | |||
By | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestfold | ||
Kommune | Sandefjord | ||
Areal | 24,23 km² | ||
Folketal | 46 453 (2023) | ||
Folketettleik | 1 917 / km² | ||
Innbyggjarnamn | sandefjording | ||
Preposisjon | i Sandefjord | ||
Sandefjord 59.13118°N 10.21665°E / 59.13118; 10.21665 |
Lukk
Vestfoldbanen går gjennom bysenteret, og E 18 kryssar kommunen 3 kilometer nordvest for bykjernen. Fylkesveg 303 fører langs kysten til Tønsberg og Larvik, medan Fylkesveg 305 fører frå bysenteret til E 18 og vidare nordover til Andebu. I nordaust ligg Sandefjord lufthamn, Torp. Byen har ferjesamband med Strömstad i Sverige. Lokalavisa er Sandefjords blad, som kjem ut dagleg.