St. Petersburg
sovjetisk storby / From Wikipedia, the free encyclopedia
St. Petersburg eller Sankt Petersburg (russisk Санкт-Петербу́рг, Sankt-Peterburg) er den nest største byen i Russland og ligg inst i Finskebukta ved elva Neva. Byen er eit føderasjonssubjekt i Den russiske føderasjonen. Byen hadde forskjellige namn på 1900-talet, Petrograd frå 1914 til 1924 og Leningrad frå 1924 til 1991. I russisk daglegtale vert byen kalla Piter eller Peterburg.
Sankt Peterburg Санкт-Петербург | |||||
---|---|---|---|---|---|
Den engelske breidda i St. Petersburg | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Føderal by | ||||
Grunnlagd | 1703 | ||||
Borgarmeister | Georgij Sergejevitsj Poltavtsjenko | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
1 431 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2010[1]) - folketettleik |
4 880 000 3 410,2 /km² | ||||
Koordinatar | 59°56′N 30°20′E | ||||
Høgd over havet | 3 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 190000–199406 | ||||
Retningsnummer (tlf) | +7 812 | ||||
Bilnummer | 78, 98 | ||||
Nettstad: www.gov.spb.ru |
Byen vart grunnlagd av tsar Peter den store den 27. mai 1703 og vart gjort til hovudstad i Det russiske imperiet i over to hundre år (1713–1728, 1732–1918). Hovudstaden vart flytta tilbake til Moskva i 1918 etter den russiske revolusjonen.[2]
Byen har i dag kring 4,9 millionar innbyggjarar og over 6 millionar innbyggjarar i storbyområdet. St. Petersburg er eit stort kultursenter i Europa og ein viktig russisk hamneby ved Austersjøen.
St. Petersburg vert ofte skildra som den mest vestlege byen i Russland.[3] St. Petersbyrg er den nordlegaste millionbyen i verda. Det historiske sentrumert i byen er innskrive på verdsarvlista til UNESCO. Som det politiske og kulturelle senteret i Russland i meir enn 200 år har byen stundom i Russland vorte kalla «den nordlege hovudstaden». Mange utanlandske konsulat, internasjonale selskap, bankar og andre føretak held til i St. Petersburg.