Sevettijärvi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sevettijärvi (skoltesamisk Čeʹvetjäuʹrr, enaresamisk Čevetjävri, nordsamisk Čeavetjávri) er ein landsby i kommunen Enare i Finland, som er omtrent 120 km nord for tettstaden Enare. Landsbyen ligg omtrent 35 km sørvest for bygda Neiden i Finnmark, og er omgjeve av eit grønt, men likevel nake terreng.
Landsbyen er på det som var havbunn i istida. Området er kjent for fjellformasjonane sine omkring strendene langs innsjøane mellom Sevettijärvi og Neiden.
Sevettijärvi og omgivnadene er eit av kjerneområda for den skoltesamiske busetjinga. Majoriteten av dei omkring 350 innbyggjarar (ca. 90 %) er skoltesamar, sjølv om nokre få finnar har busett seg nord for landsbyen. Nokre få enaresamar og fjellsamar er òg busette der.
Sevettijärvi har 350 fastbuande. Bygda har skule, sjukeheim, og dessutan post og ein liten butikk i tilknyting til kafeen til staden. Vidare finst det ei ortodoks kyrkje, eit menighetshus og eit skoltesamisk tradisjonshus, som er museum.