Sjølvavleggar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sjølvavleggar er ei jordbruksmaskin som slår kornet, samlar det og legg det på marka, i høveleg store buntar for å binda band av. Dei batt ikkje buntane saman til band, slik som dei seinare sjølvbindarane gjorde.
Ettersom sjølvavleggarane berre kuttar av aksa og legg dei ned på åkeren kan ein få inntrykk av at dei var ei vidareutvikling av slåmaskiner, men utviklingsrekkefylgja var den motsette. Dei fyrste skjereapparata var utvikla for å skjera av kornaks og høvde ikkje for gras. Fyrst då det vart utvikla betre knivbjelkar vart det mogleg å laga slåmaskinar for gras[1].
At ein slapp å skjera eller slå kornet førte til at innhaustinga gjekk mykje fortare, noko som gjorde det mogleg å hausta åkeren i rett tid. Der det var ustabile vêrtilhøve kunne ein slik få kornet i hus før det vart øydelagt av regn. Men kornet måtte framleis bindast og settast til tørk (på den nordamerikanske prærien, der sjølvavleggarar fyrst kom i bruk vart ikkje banda sette på staur). Det trongst fire-fem personar for å binda og setta banda til tørk[2]. Så det var framleis mykje manuelt arbeid forbunde med skuronna.