Sjøis
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sjøis (eller havis) er frose sjøvatn og dekker store havområde, både nord og sør på jordkloden. Sjøis frys når havet blir avkjølt under frysepunktet, ganske nært -1,8 °C. Viss sjøisen er brekt opp i mange små flak, blir han kalla drivis.
I nord er utbreiinga av sjøis om vinteren sør til Austersjøen og Newfoundland i Atlanterhavet, og sør til Alaskahalvøya og Japan i Stillehavet. Sjøisen i Arktis dekker eit område tilsvarande Europa og skil eit forholdsvis varmt arktisk hav frå ein kald atmosfære. Han har den maksimale utbreiinga si i mars månad og når eit minimum i september. Gjennomsnittleg tjukkleik er 2-3 meter. Isen kan smelte både frå oversiden og undersida ved kontakt med varm luft eller varme havstraumar. Store område med ope hav mellom sjøisen vert kalla polynja.
Sjøisen er i rørsle, driven av vinden på oversida eller havstraumane på undersida. Dette fører til regionale skilnader i isdekket, og store svingingar frå år til år. Det er ei gjennomsnittleg drift av sjøisen frå Beringstredet mellom Alaska og Sibir mot Grønland og Svalbard, dette kallast den transpolare drifta. Dette vart første gongen dokumentert då Fridtjof Nansen navigerte «Fram» over Polhavet i åra 1893–1896.
I Antarktis dekkast havet nord til omtrent 60 °S av sjøis kvar vinter. Sjøisen i Antarktis har ei større endring av arealet gjennom året enn i nord, fordi det ikkje er nokre kontinent som avgrensar utbreiinga nordover. Sjøisen i sør er difor tynnare, og det aller meste smeltar kvar sommar, og frys igjen neste vinter. Dette blir kalla førsteårs sjøis. Overlever sjøisen ein sommar blir kalla han fleirårsis.