Ski-VM 2021
From Wikipedia, the free encyclopedia
Verdsmeisterskapen på ski i nordiske greiner 2021 vart arrangert i perioden 24. februar til 7. mars 2021 i Oberstdorf i Tyskland. 24 tevlingar vart avvikla i løpet av meisterskapen. To øvingar stod på meisterskapsprogrammet for fyrste gong; skihopping i stor bakke for kvinner og kombinert for kvinner. Det var tredje gongen ein ski-verdsmeisterskap fann stad i Oberstdorf, forrige gong under Ski-VM 2005.
Norske utøvarar dominerte meisterskapen og vann 13 av dei 24 tevlingane. Therese Johaug vart framgrunnsfigur i meisterskapen med sine fire gull, av mennene sanka Johannes Klæbo flest gullmedaljar med tre stykke før han vart diskvalifisert frå fyrsteplassen på femila.