Skøyteløp under Vinter-OL 1972
From Wikipedia, the free encyclopedia
Skøyteløpa under Vinter-OL 1972 under vinterleikane i Sapporo omfatta åtte distansar, fire for menn og like mange for kvinner. Tevlingane fann stad på ei kunstfrosen bane i dagane frå fredag 4. til laurdag 12. februar 1972. 118 utøvarar, 67 menn og 51 kvinner, frå 18 land deltok i skøytetevlingane.
Ard Schenk frå Nederland vart den store forgrunnsfiguren med sine tre gullmedaljar. Noreg fekk to sølvmedaljar ved Roar Grønvold og to bronsemedaljar ved Sten Stensen.