Dei slovakiske malmfjella
From Wikipedia, the free encyclopedia
Slovenské rudohorie eller Dei slovakiske malmfjella er ei stor fjellkjede i Spišregionem i Slovakia og ein del av Karpatane. Ho er den største fjellkjeda i Slovakia og høyrer til Dei indre Vest-Karpatane.
Kjappe fakta Land ...
Dei slovakiske malmfjella | |||
Land | Slovakia | ||
---|---|---|---|
Dei slovakiske malmfjella 48.75°N 20.25°E / 48.75; 20.25 | |||
Wikimedia Commons: Slovak Ore Mountains | |||
Lukk
Fjellkjeda grensar til Zvolen i vest, Košice i aust, elvane Hron og Hornád i nord og Juhoslovenská kotlina og Košicebekkenet (Košická kotlina) i sør.
Den høgaste toppen er Stolica på 1476 meter over havet. Fjellkjeda er om lag 140 km lang og 40 km brei og dekkjer eit område på 4000 km². I tidlegare tider var det mange gruver i fjellområda, som namnet viser til, men ingen av desse er i drift i dag.