Socialdemokratiet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Socialdemokratiet (tidlegare Socialdemokraterne 2002–2016) er eit dansk politisk parti.
Socialdemokratiet | |||
Socialdemokratiet har røter i det 19. hundreåret. Partiet blei stifta i 1871 av Louis Pio, Harald Brix og Paul Geleff. Formålet var å organisere den veksande arbeidarklassen på eit demokratisk, sosialistisk grunnlag. Sidan midten av hundreåret hadde Danmark vore inne i ein industrialiseringsprosess. Landbefolkninga flytta inn til byane og blei arbeidarar, og Socialdemokratiet sprang ut av kravet om å gje denne befolkningsgruppa rettferdige levevilkår og demokratiske rettar.
Ved folketingsvalet i 1924 blei Socialdemokratiet det største partiet med 36,6 prosent av stemmene, og partiet danna for første gong regering - med Thorvald Stauning som statsminister. Han utnemnde verdas første kvinnelege minister, Nina Bang, same året - ni år etter at kvinner fekk valrett i Danmark.
I heile perioden fram til 2001 har Socialdemokratiet med få unnatak hatt regeringsmakta, og det har dermed prega den danske samfunnsutviklinga på nesten alle område. Socialdemokratiet danna seinast regjering frå den 25. januar 1993 fram til den 27. november 2001 med Poul Nyrup Rasmussen som statsminister.
Partiet sin ungdomsorganisasjon heiter Danmarks Socialdemokratiske Ungdom (DSU). Partiet er medlem av Den sosialistiske internasjonalen.
Partileiaren er sidan 2015 Mette Frederiksen. Ho blei statsminister i Danmark etter valet i 2019.