Solgangsbris
From Wikipedia, the free encyclopedia
Solgangsbris eller sjøbris er ein vind frå sjøen eller store innsjøar som utviklar seg over land nær kysten. Den oppstår ved at landoverflata vert oppvarma raskare enn vatnet, og dette får den varme lufta til å stige slik at det oppstår eit lågtrykk ved bakken og eit høgtrykk i høgda over land. Kjøligare luft frå sjøen strøymer så innover mot land for å fylle igjen lågtrykket.
Den same effekten kan òg oppstå i samband med varmeøyar. Når byar fungerer som varmeøyar kan det oppstå eit lokalt vindregime der lufta stig over den varmare byen og luft frå dei kjøligare omgjevnadane strøymer inn mot byen som vind. Denne typen «solgangsbris» er derimot langt svakare enn solgangsbrisen som oppstår i skiljet mellom sjø og land.