Spanskesjuka
From Wikipedia, the free encyclopedia
Spanskesjuka, eller spanskesykja, var ein verdsfemnande influensaepidemi som truleg tok livet av minst 30 millionar menneske i åra 1918–19. Ei siste influensabølgje vinteren 1920 vert gjerne au rekna til spanskesjuka.
Spanskesjuka starta truleg i ein militærleir i Kansas i USA våren 1918. Dette var under den første verdskrigen, og epidemien vart ført vidare til Frankrike og Europa med amerikanske soldatar. Deretter var det Spania sin tur. Influensaepidemien enda som kjent opp med å verte kalla «spanskesjuka». Dette har samanheng med Spania sin nøytralitet under den fyrste verdskrigen - mangelen på pressesensur gjorde at dei var det fyrste landet som publiserte nyheiter om epidemien. Då Portugal vart ramma av den same sjukdommen som nabolandet, kalla dei han for «spanskesjuka», og dette vart namnet epidemien gjekk under både i samtida og ettertida.