Spellemannprisen 1972
From Wikipedia, the free encyclopedia
Spellemannprisen 1972 vart delt ut laurdag 3. mars 1973 i Chateau Neuf i Oslo. Dette var fyrste gong Spellemannprisen hadde utdeling. Det vart kåra vinnarar innanfor sju sjangrar og i tillegg delt ut tre spesial- og bransjeprisar. Komponist og arrangør Egil Monn-Iversen og musikalen Bør Børson Jr. fekk heidersprisen for musikalen som fyrste gong vart sett opp i 1972 på Det norske teatret. Jens Book-Jenssen fekk spesialpris og Sigurd Jansen fekk bransjepris som arrangør. Filharmonisk Selskaps Orkester vann den fyrste prisen i klassisk musikk/samtidsmusikk og har seinare vorte ein av dei artistane som har vunne flest prisar.
Utdelinga vart overført på radio og TV av NRK. Rolf Kirkvaag var programleiar.