Spoleto
kommune i Italia / From Wikipedia, the free encyclopedia
Spoleto er ein by og ein kommune i provinsen Perugia i Umbria-regionen i Italia. Byen ligg ved foten av Apenninane, 396 meter over havet, 63 kilometer søraust for provinshovudstaden Perugia. Kommunen har vel 38 000 ibuarar og omfattar ei flatevidd på 350 km².
Spoleto består av ein gammal og ein ny bydel; i den nye bydelen ligg jarnbanestasjonen med samband til Perugia i nord og Roma i sør. Den gamle bydelen er omkransa av ein bymur. Ei stor borg ligg ved byen, der ligg også restane av eit romersk amfiteater. Aust for byen er ein 1800 år gammal akvedukt, vassleidninga er heva opptil 70 meter over dalbotnen.
Kvar sommar vert kunst- og musikkstemnet Festival dei due Mondi avvikla i Spoleto.