Sylt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sylt (dansk Sild, frisisk Söl) er ei øy nord i Tyskland i Vadehavet i Nordsjøen. Ho er ein del av Dei nordfrisiske øyane i landkreis Nordfriesland i Schleswig-Holstein. Øya var ein gong ein del av fastlandet, men på grunn av erosjon krympar øya stadig. I dag har Sylt eit areal på 99 km². Avstanden frå nord til sør er 35 km og frå vest til aust 13 km. Det høgaste punktet heiter Uwe-Düne og er 52 meter over havet. Øya har 27 000 innbyggjarar (2004).
Kjappe fakta Sylt Lokalt namn Söl', Geografi ...
Sylt Lokalt namn Söl' | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Vadehavet i Nordsjøen |
Koordinatar | 54°54′N 8°20′E |
Øygruppe | Dei nordfrisiske øyane
|
Areal | 99 km²
|
Høgaste punkt | Erhebung (52,5 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Tyskland |
Delstat Landkreis | Schleswig-Holstein Nordfriesland |
Største busetnad | Westerland (10 488 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 27 219 (2004) |
Folketettleik | 275 /km² |
Lukk