Symjing
From Wikipedia, the free encyclopedia
Symjing er det å ta seg fram gjennom vatn med få eller ingen hjelpemiddel. Ei rekke dyr som lever i havet sym mesteparten av livet sitt. I tillegg sym ei rekke pattedyr og fuglar jamleg eller av og til. Mange pattedyr kan symje instinktivt, men menneske har berre eit svakt symjeinstinkt (sjå babysymjing), og må lære kunsta. Dei har likevel lett for det, og har eit større spekter av symjeteknikk enn dyr.
Ein kan symje for å kome seg ein stad, trene eller ganske enkelt for å more seg. Symjekunne gjer at ein lettare kan berga seg om ein fell i vatnet. I mange land, mellom anna heile Norden, er det derfor vanleg å undervise i symjing på skulen.
Trening i vatn, som har ein massetettleik som liknar den til menneskekroppen, gjer at ein får lita belastning på ledd og knoklar. Symjing kan dermed vere ein god måte å trene på etter skade eller for mange typar funksjonshemmingar.