Sámos prefektur
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sámos prefektur (gresk Νομός Σάμου, Nomós Sámou) var fram til 2010 eit prefektur i Hellas i periferien Dei nordlege egeiske øyane. Hovudstaden i prefekturet var Sámos by. Prefekturet omfatta dei to store øyane Sámos og Ikaría og den mindre øya Foúrni.
Meir informasjon Sámos prefektur Νομός Σάμου ...
Sámos prefektur Νομός Σάμου | |
---|---|
| |
Periferiar | Dei nordlege egeiske øyane |
Hovudstad | Sámos by |
Folketal | 44 114 (2005) Rangering 49. |
Areal | 778 km² Rangering 50. |
Folketettleik | 57/km² |
Demer | 8 |
Postnummer | 83x xx |
Retningsnummer | 227x0 |
Bilnummer | MO |
Heimeside | www.samos.gr |
Close
Hovudeksporten frå prefekturet er den kjende Sámos-vinen, som har vore kjend sidan antikken, og olivenolja som vert produsert her.