The Sonics
From Wikipedia, the free encyclopedia
The Sonics er eit amerikansk garagerockband som var aktive på 1960-talet. I lag med band som The Kingsmen, The Wailers, The Drastics, The Dynamics, The Regents og Paul Revere & the Raiders har denne rørsla vore med på starte det velkjende musikkmiljøet i Seattle som framleis er aktivt i dag.
The Sonics | |||
| |||
Opphav | Tacoma i Washington i USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1960-1968 2008-til i dag | ||
Sjanger | Garagerock, protopunk | ||
Plateselskap | Etiquette, Jerden, Norton | ||
Tidlegare medlemmer | Gerry Roslie Andy Parypa Larry Parypa Rob Lind Bob Bennett |
The Sonics hadde ein stil som var røffare, meir primtiv og brutal enn sine likmenn på denne tida og vert stundom rekna som det første punkrockbandet, lenge før punkrørsla tok av seint i 1970-åra. Sjølv om The Sonics hadde ein nokså standard instrumentering for denne tida hadde dei eit unikt lydbilete med ville arrangement, ofte forstyrrande tekstar krydra med skrik og hyl og elektriske gitarar spelt gjennom forsterkarar som vart tilpassa for å få så skurrande lyd som mogeleg. Sjølv om bandet vart populære samstundes som den første fuzzboxen kom på marknaden, er fuzz-lyden til The Sonics noko dei sjølv lagde.
Dei spelte ei blanding av garagerockstandardsongar («Louie, Louie», «Have Love, Will Travel»), tidleg rock and roll («Jenny, Jenny», «Skinny Minnie») og eigne songar som «Strychnine», «Psycho» og «The Witch», alle basert på enkle akkordsekvensar og spelt hardt og raskt.
Tekstane på dei eigne songane til The Sonics omhandla stort sett tenåringskulturen tidleg i 1960-åra med bilar, gitarar, surfing og jenter (i songar som «The Hustler», «Boss Hoss» og «Maintaining My Cool») samt mørkare emne som å drikke stryknin for moro skyld, hekser, psykopatar og Satan (i songane «Strychnine», «The Witch», «Psycho» og «He's Waitin'»).