Tiberøya
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tiberøya (italiensk Isola Tiberina, latin: Insula Tiberina) i Roma i Italia er den einaste øya i elva Tiber. I den sørlege svingen av Tiber er det ei båtforma øy som er om lag 270 meter lang og 67 meter brei på det breiaste. Øya har alltid vore assosiert med medisin. I antikken låg tempelet for Asklepios, den greske guden for medisin og læking, og framleis ligg det eit sjukehus her.
Sidan øya har vore forbunde til resten av Roma via to bruer sidan antikken har ho stundom berre vorte kalla Insula Inter-Duos-Pontes («øya mellom to bruer»). Ponte Fabricio, den einaste originale brua i Roma, går til øya frå nordaust til Campus Martius i bydelen Sant'Angelo. Brua Ponte Cestio, der berre enkelte delar av den opphavlege brua er att, går frå øya til Trastevere på sørsida.