Tolmezzo
kommune i Italia / From Wikipedia, the free encyclopedia
Tolmezzo (tysk: Tolmein; slovensk: Tolmeč) er ein by og ein kommune i provinsen Udine i regionen Friuli-Venezia Giulia, heilt nordaust i Italia. Kommunen har mellom 10 og 11 000 ibuarar og eit areal på 65,7 km². Byen ligg ligg mellom elvane Tagliamento og Friaul, 323 meter over havet.
Tolmezzo er eit knutepunkt for trafikken i det nordaustlege Italia; motorvegen Autostrada 23 leier mot både grensebyen Tarvisio og vidare austover mot Villach i Austerrike, samt sørover mot Udine og vidare til Adriahavet. I tillegg går ein hovudveg mot nord til Plöckenpasset ved landegrensa mot Austerrike.