Topologi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Topologi (frå gresk topos, stad og logos, lære) er ei grein av den moderne geometrien. Denne matematiske disiplinen har tidlegare gått under namnet analysis situs.
Topologien tek for seg topologiske rom (dvs. figurar, lekamar, rom, flater, kurver, osv.) og dei eigenskapane som avheng av korleis det topologiske rommet «heng saman». Eksempelvis er dimensjon ein topologisk eigenskap, medan storleik og plassering er ikkje slike eigenskapar. Topologi er difor kalla gummigeometri.
Eksempelvis er ein kule og ein kube det same topologiske rommet, men begge er ulik ein sirkel.
Topografi handlar om kunsten å skildre topologiske former. Denne greina blei først utvikla for landskap, men er nå utvida til å omfatte både undervannskap og underjordiske formasjonar, med tredimensjonale hologram som foreløpig høgdepunkt.