Trafikklys
From Wikipedia, the free encyclopedia
Trafikklys er eit signalsystem innan trafikk som nytter lys i ulike fargar, symbol og i nokre høve tekst. Dei regulerer oppførselen til trafikantar ved å oppmoda ulike grupper av dei til å stoppa, gå eller køyra. Trafikklys over heile verda nytter grøn farge for å signalisera at ein kan passera det og raudt for at ein skal stoppa. Gult lys tyder som regel at lyset er i ferd med å endra seg, og kan ha ulike reglar knytt til seg i ulike land.