Tsna i Tver oblast
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tsna (russisk Цна) er ei elv i Tver oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 160 km lang og har eit nedslagsfelt på 4 390 km². Elva har ei middelvassføring på 12,3 m³/s, målt 38 km frå munningen.
Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...
Tsna | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 4 390 km² | ||
Lengd | 160 km | ||
Middelvassføring | 12,3 m³/s | ||
Kjelde | Valdajhøgdene | ||
Munning | Mstinosjøen | ||
Tsna i Tver oblast 57.628126°N 34.523735°E / 57.628126; 34.523735 | |||
Wikimedia Commons: Tsna river (Tver oblast) | |||
Close
Elva spring ut frå myrområda i Tsinskhøgdene, ein utløpar av Valdajhøgdene). Elva renn gjennom Vysjnevolotskoje-reservoaret, og mellom reservoaret og munningen i Mstino-sjøen (ei strekning på 7 km) går elva nesten heilt inne i byen Vysjnij Volotsjok. Mstino-sjøen drenerer via Msta, Volkhov og Neva til Finskebukta. Tsna var tidlegare ein viktig del av vassvegen over frå Volga til Novgorod, og seinare til St. Petersburg.