Uiramutã
From Wikipedia, the free encyclopedia
Uiramutã er ein kommune i delstaten Roraima i nordregionen av Brasil.[2] Han har 9 309 innbyggjarar (2014) og eit areal på 8066 km². Kommunen grensar mot Guyana og Venezuela på fjellet Roraima, som er den tredje høgaste toppen i Brasil med sine 2 739 m. Fjellet Caburaí på 1 456 m ligg på grensa mot Guyana og er det nordlegaste punktet i Brasil.
Kjappe fakta Land, Stat ...
Uiramutã | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Brasil | ||
---|---|---|---|
Stat | Roraima | ||
Areal | 8 065,520 km² | ||
Folketal | 13 751 (2022)[1] | ||
Uiramutã 4.5958333333333°N 60.167777777778°W / 4.5958333333333; -60.167777777778 | |||
Uiramutã i Roraima
| |||
Wikimedia Commons: Uiramutã | |||
Lukk
Kommunen ligg innanfor urfolksreservatet Raposa Serra do Sol som er heim for macuxifolk, og er verna mot mykje økonomisk utnytting. I 2013 blei det rapportert at 80 % av inntektene til kommunen kom frå det offentlege.[3]
Området omfattar også den 116 748 hektar store Monte Roraima nasjonalpark, eit område som blei verna i 1989.[4]