Väinö Tanner
finsk diplomat og politikar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Väinö Alfred Tanner[2] (fødd 12. mars 1881 i Helsingfors, død 19. april 1966)[3] var ein finsk sosialdemokratisk politikar for Finlands sosialdemokratiske parti (SDP). Han var den 16. statsministeren i Finland frå 1926 til 1927. Tanner vert rekna som ein av dei fremste politikarane i finsk historie, og spela ei avgjerande rolle i oppbygginga av det sosialdemokratiske partiet etter borgarkrigen i Finland i 1918.[1][2][3] Tanner deltok ikkje sjølv i borgarkrigen, men er velkjend for sin kamp mot kommunistane og seinare mot Sovjetunionen under andre verdskrigen, då han sat med fleire ministerpostar.[2][3][4]
Väinö Tanner
Väinö Alfred Tanner | |||
Väinö Tanner ca 1940. | |||
Fødd | 12. mars 1881 Helsingfors, Storfyrstedømet Finland, Russland Det russiske imperiet | ||
---|---|---|---|
Død | 19. april 1966 (85 år) | ||
Statsborgar av | Finland | ||
Parti | Finlands sosialdemokratiske parti | ||
Yrke | Politikark | ||
Utdanna ved | Helsingfors universitet Ressu Upper Secondary School | ||
Ektefelle | Linda Anttila[1] | ||
Barn | Maija Taka | ||
Verv | Finlands 16. statsminister 13. desember 1926 – 17. desember 1927 | ||
Verv | Formann i det sosialdemokratiske partiet 1918–1926 1957–1963 | ||
Verv | Finlands utanriksminister 1939–1940 | ||
Verv | 1937–1939 1942–1944 | ||
Verv | Finlands forsyningsminister 1940 | ||
Alle verv |
Tanner var utanriksminister frå 1939 til 1940, då Vinterkrigen vart utkjempa mellom Finland og Sovjetunionen. Etter den finske framhaldskrigen vart Tanner i 1946 dømd til 5 1/2 års fengsel for lovbrot mot freden.[2][4][5] Han vart gjeven nåde i 1948. Fram til han døydde i 1966 deltok han mindre i den daglege politikken, men gav aldri opp den ideologiske striden mot kommunismen.[1]
Tanner var statsminister i den første regjeringa i finsk historie som var utgått frå venstresida. Han var staminister eller statsråd i sju ulike regjeringar.[1] Etter åra i fengsel vende han tilbake til politikken på 1950-talet, og fekk viktige leiarverv i det sosialdemokratiske partiet.[1]